KOMMUNIKASJON
Utreisestad Avstand Tog Buss Båt
Oslo/Gardermoen 380 km x x
Bergen/Flesland 185 km x x x
Sogndal 70 km x x
Fagernes 190 km x x

Reisa til Flåm med vakker og dramatisk natur er ei oppleving i seg sjølv anten du kjem med båt, buss, tog eller privatbil.

Om du reiser frå Oslo eller Bergen kan det vere fint å kombinere reisa med dei opplevingsrike rundturane "Norge i eit Nøtteskal" eller "Sognefjorden og Flåmsbana" med eit opphald hjå oss.

Begge desse turane inkluderar den spektakulære Flåmsbana og Sognefjorden som du ikkje kan gå glipp av ved eit besøk i Flåm. "Norge i eit Nøtteskall" går året rundt, og kan også gjennomførast i ein retning frå/til Oslo eller Bergen.

Kjem du frå nordsida av Sognefjorden er det også mogleg å få med seg fleire naturskjønne reiseruter på veg hit anten ein vel å køyre over Aurlandsfjellet også kalla "Snøvegen", eller ein vel å ta ferja på Sognefjorden frå Lærdal til Gudvangen (i sommarsesongen).