|
||||
LITT OM FRETHEIM HOTEL SI HISTORIE Året er 1870, og Flåmselva blir vekkleigd til Lord Wigram frå England. Dei første utlendingane som kom til Flåm var nok laksefiskarar, for elva var rik på fjellaure og laks. Dette lokka mang ein velstående engelskmann - seinere rike bergensarar hit for å fiske. Ein kunne fiske opptil 10 laks på en god dag. Fiskarane oppheldt seg på garden til bygdas rikaste mann, Christen Fretheim - ein kjempe å sjå til og ein drivande kar. Han tok over garden i 1879, i 1890 starta han postkontor, og i 1895 starta han skipsekspedisjonen. Dei innlosjerte på Fretheim likte seg godt på garden, og det blei snart behov for hotell, dermed såg Fretheim Hotel dagens lys...... Snart var hotellet fullt av laksefiskarar, turistar og anleggsfolk. Det blei så stor etterspørsel av vogner og skyssfolk, at Christen åpna skysstasjon i 1902, i stallen hadde han 14 hestar, og han hadde 10 faste skysskarar. I 1908 kom det 79 store turistskip inn til Gudvangen, med tilsaman 10 202 passasjerar, og amtsbåtane frakta 4 500 reisande "to the heart of the grandest scenery, with a succession of marvellous views". Christen Fretheim gifta seg med frøken Hertzberg, men desverre døyde ho alt i 1903, dei fekk ingen born. ![]() I 1909 kom Marthe Fretheim, Christen sitt søskenbarn, for å hjelpe til ved hotellet - ho var makalaus flink og tok snart over kommandoen ute som inne. Møkakjerrer fremfor trappa og grisebøtter på tunet var detaljar som Christen ikkje hadde tid til å bry seg med, men det gjorde Marthe..... Marthe var ei venleg dame, med sans for hagearbeid og det gikk fort gjetord om den vakre hagen ved hotellet. Gjestene fekk også føle Marthes omsorg, når skysskaravanane drog oppover fjellet i 10-15 stolkjerrer på rad ble gjestene kledt i avispapir, surra utanpå med lange strikkesjal og putta i skinnposar med varmeflaske. Marthe Fretheim tok vare på alle, om kvelden fulgte ho dei på rommet med lysestake i handa. Ho stelte godt med både gjester og personale. Christen Fretheim døyde i 1916, men Marthe blei ved hotellet resten av sitt liv - ja endå lenger ska me tru dei som bur og arbeider ved hotellet. Det vert fortalt at Marthe framleis går sine runder kvar natt for å sjå til at alt er i orden ved hotellet. |