![]() | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() ![]() |
|
SYKKEL - RALLARVEGEN |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Ca. 80 km – sesong: ca 10/7 – 30/9 Rallarvegen Haugastøl-Flåm Strekninga Haugastøl –Flåm har ei høgdeforskjell på heile 1299 meter, og startar frå Haugastøl som ligg 988 m.o.h. – om Taugevatn, 1301 m.o.h. og endar opp i Flåm, 2 m.o.h.. NSB har eige sykkeltog mellom Oslo og Voss som går i tida St.Hans til midten av september. Rallarvegen er eit kulturhistorisk minnesmerke. Frå vegen vil du heile tida ha kontakt med Bergensbana, som vart opna i 1909. Langs vegen vil du også oppleve fleire verneverdige bygningar. Det er voktarbustader som for det meste er eigd av NSB, og som er skilta med namn og byggjeår. Tidleg i sesongen ligg det mykje snø over det høgaste fjellpartiet, og her anbefalar ein sykkeltoget frå Finse til Hallingskeid. 15 km vest for Haugastøl, ved Storurdivatnet, 1140m.oh., er bilvegen stengd med bom, og det er vidare rein gang- og sykkelveg. Storurdi voktarbustad har servering også. Finse 1222 m.oh., er Norges høgstliggjande jernbanestasjon. På Finse ligg Finse 1222 og rallarmuseet. Vidare vestover har vegbana ei røff og grov overflate. 10 km vest for Finse ligg Fagernut voktarbustad. Her sel Rallarmuseet vaffel og sluskesuppe delar av sommaren. Ved Grjotrust voktarbustad, 1300 m.o.h. kryssar jernbanelinja i snøoverbygg, og ein må her syna stor varsemd. 21 km etter Finse, og 15 km før Myrdal vegkryss, ligg Hallingskeid, 1110 m.o.h. Her er jernbanestasjon. Vegen går etterkvart brattare nedover, omkransa av fossar og vakker vestlandsnatur. Ein må syna varsemd ved Klevagjelet der vegen går på ei smal fjellhylle, med usikra vegkant til stup ned i vill elv! Dei siste 20 km går ned Flåmsdalen som har ein imponerande vestlandsnatur og Nord-Europas brattaste jernbane. Høgdeforskjelen er på 865 m. I det øveste partiet er det 21 svingar, og her er det lurt å syna varsemd ved å gå av sykkelen. I den siste halvdelen av Flåmsdalen frå Berekvam og ned til Flåm er det også bilveg, slik at det her er viktig å yte stor varsemd og vere oppmerksam på møtande bilar, sjølv om trafikken ikkje er stor! Avstandar: Haugastøl-Finse =26 km /Finse-Myrdal vegkryss = 36 km/Myrdal vegkryss - Flåm = 17 km |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||